Litt om meg

Eg heiter Linda Dale, og bur på Rysstad i Setesdal. Både min oldefar og bestefar
var velkjende sylvsmedar i Setesdal, og eg bestemte meg tidleg for at eg ville fylgje i deira fotspor. I 1997 starta eg på gullsmedlinja i Valle, og i  1998 gjekk eg ut i lære. Har sidan jobba med å lage bunadssylv. Draumen var å starte opp for meg sjøl, og i oktober 2019 hoppa eg i det. I Tillegg til å drive med bunadssylv, er eg også lærer på gullsmedlinja i Valle.  Fleire av modellane mine er direkte inspirert av min oldefars modellar. Eg er så heldig at eg har ein del av oldefars handlaga sylv, og eg bruker dette aktivt når eg skal lage meg nye modellar. 




Copyright © Med enerett